DSC_6882-web.jpg

Ein blogg av Trine Lerum Hjellhaug.

Om meg

Vi må gjere begrepet berekraft ufarleg

Vi må gjere begrepet berekraft ufarleg

Alle snakkar om berekraft, men få snakkar om kva det betyr. I lang tid har vi høyrt at vi må skape berekraftige samfunn og berekraftige produkt. Googlar vi ordet berekraft, får vi opp at det er eit omgrep som vert brukt for å karakterisere økonomiske, sosiale, institusjonelle og miljømessige sider ved menneskelege samfunn.​ Datt du av?

Som bedriftseigar og leiar innrømmer eg glatt at det har vore vanskeleg å sette dette arbeidet på dagsorden. Det har også vore vanskeleg å forklare dei tilsette kva det betyr for oss. Ordet berekraft har skremt oss. All snakk om klimaplanar, 2 graders mål, Parisavtale, sirkulær økonomi, klimaendringar og plast i havet har gått over hovudet på oss, og det har vore vanskeleg å sjå korleis vi som bedrift skal handtere dette. Myndigheitene har heller ikkje vore tydelege på krava til næringa. Først no har regjeringa lagt fram ein klimaplan som viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet og samstundes skape grøn vekst. Det er bra.

Etter fleire år i usikkerheit er eg no overtydd om at berekraft er lønnsamt og ikkje minst, veldig moro å arbeide med. Det handlar om å gjere det enkelt og forståeleg. Og det handlar om å fokusere på det vi kan gjere noko med. I eit forsøk på å inspirere fleire, deler eg korleis vi i Lerum tenkjer om dette. Og hugs ein ting – berekraft er meir enn klima og miljø. Kanskje er det aller viktigaste berekraftstiltaket å oppretthalde arbeidsplassar i heile landet.

Ta Vare På.JPG

Vi har stilt oss sjølve to spørsmål. Korleis kan vi bli tydelegare på kva berekraft er for oss? Korleis kan vi gjere det enkelt? Gjennom prosessen har vi bestemt oss for å slutte å snakke om berekraft. Vi har bestemt oss for at vi heller skal snakke om å TA VARE PÅ. Dette har det handla om heilt sidan augustdagen i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien på Sørheim i Luster. –Vi kan ikkje kaste bæra, sa Kari Lerum. Og slik oppstod Lerum. Å foredle betyr å bevare. Å TA VARE PÅ. For oss i Lerum handlar det om å TA VARE PÅ Naturen – Foredling – Ernæring – Menneske og Lokalsamfunnet. Med utgangspunkt i logoen som Nils Lerum teikna i 1907, har vi laga vår eiga Lerumrose som skal skape identitet og stoltheit internt. Vi har valgt å fokusere på 5 av FN sine klimamål.

I Lerum er kulturen bygt på verdiane ekte, stolt, ærleg og engasjert. No skal vi kvar dag i tillegg tenkje på korleis vi kan TA VARE PÅ naturen, foredlinga, ernæringa, mennesket og lokalsamfunnet. Det må ligge i ryggmargen. I kulturen. Vi vil ha alle tilsette med på laget.

Vi har snakka oss gjennom mange gode døme på ting vi har gjort opp gjennom for å prøve å få alle til å forstå kva det betyr å ta vare på. Døme på dette er mellom anna at fabrikken vår brukar 100 % fornybar energi og at vi jobbar med ENØK-tiltak for å redusere energiforbruket vårt. Eller at sjukefråværet var 2,9 % i 2020. Les meir om dette på lerum.no.

Vi har gjort mykje, men ikkje nok. Vi må gjere mykje meir.

Det handlar om å ta dette vanskelege omgrepet ned til noko vi kan gjere noko med. Små steg. Skal vi få til dette, må vi knyte på FN sitt berekraftsmål nummer 17 – samarbeid. For skal vi få til noko stort på ein liten plass, må vi løfte saman med forbrukarar, tilsette, næringsliv og myndigheiter. ​

I 2020 laga vi klimarekneskap for 2019. Vi må ha eit referansepunkt dersom vi skal måle om vi forbetrar oss. Gjennom arbeidet med klimarekneskap har vi lært at vegen og målet må verte til litt etter kvart. Vi er på ei læringsreise. Klimarekneskapet for 2020 er betre enn for 2019. Det viser at vårt største klimaavtrykk kjem frå emballasje og transport. Det viser også at vi ikkje nådde målet vårt for matsvinn i 2020. Vi må jobbe hardare med det.  For 2021 har vi derfor laga nokre få overordna tiltak. Summen av desse tiltaka og det vi gjer til dagen, skal vere med på å forbetre klimarekneskapet vårt ytterlegare. Vi får svaret i 2022.

I 2021 relanserer vi KLEM-syltetøyet vårt på nye «opp ned» plastflasker. Flaskene er laga av 100 % resirkulert emballasje med non-carbon black kork som skal gjere det enklare å resirkulere. Det skal verte enklare å få ut siste rest av flaska, og vi har designa emballasjen slik at vi får mindre luft i butikkhylla, kartongen, på pallen og under transporten. Dette har vi fått til gjennom samarbeid på tvers i Lerum og med eksterne samarbeidspartnerar., og ikkje minst fordi forbrukarane sa i frå om at flaska var vanskeleg å skylle.

Vi har innleia eit samarbeid med foreninga La Humla Suse. Pollinering utført av humler er kritisk for til dømes kirsebær, eple, blåbær, rips og solbær. 50 humlekassar er delt ut til barnehagar i vår. Les meir om dette på lahumlasuse.no.

humle.jpg

Vi skal lage eit frukt- og bærakademi samen med ViteMeir senteret i Sogn og Fjordane. Der kjem det ein SmaksLab som skal skape interesse for og spreie kunnskap om mat og drikke, matteknologi og ernæring, og kople skulane med kunnskapen og kompetansen som finst om mat og drikke i nærområdet. Vi ønskjer å skape ein arena for samarbeid, læring og rekruttering. Les meir på vitemeir.no.

Vi skal i løpet av 2021 bruke 100 % resirkulert emballasje på alle saftflaskene våre.

Dette er nokre døme på det vi kan gjere noko med. Så mi oppfordring er – prøv å ta berekraft ned til det di bedrift kan gjere noko med. Tenk målretta og enkelt. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Berekraft treng ikkje vere vanskeleg. Og treng du hjelp, så såg eg her om dagen at det er hjelp å få. Her i Saftbygda kan rorsla.no hjelpe dykk.

Saman er vi sterke

Saman er vi sterke