Saman er vi sterke
Eg trur på laget. Uansett kva rolle du har i ei bedrift, i ein organisasjon eller på eit fotballag, så er du viktig for sluttresultatet. Om du arbeider på lageret, i produksjon, i kantina, på ordrekontoret eller er direktør, er alle rollar viktige for å skape eit resultat som alle skal leve av. Derfor er det å ha respekt for kvarandre eit av mine viktigaste leiarprinsipp.
Mitt første lagbilete. Sogndal 3 i 1983. Einaste jente i flokken.
Eg meiner at ein leiar bør ha ei plattform å stå på. Mi plattform og min filosofi er å gjere kvarandre gode. Då eg starta som fabrikksjef i Lerum som 24-åring for over 20 år sidan, laga eg meg 10 punkt som var viktige for meg som leiar. Eg var uerfaren, kom rett frå NTNU, var jente, ung, hadde etternamn Lerum og fekk jobben utan at den var utlyst. Eg er glad eg den 10. januar i 2000 spurte dei tilsette i Lerum om å hjelpe meg og vise meg korleis dei gjorde jobben. Eg er glad for at eg introduserte mine tankar om fotball og lagspel den dagen.
I denne bloggen skal eg etterkvart presentere desse 10 punkta for dykk og gi døme frå mitt liv som leiar. Det har vore opp- og nedturar, slik som det skal vere i livet. Det har vore søvnlause netter og strålande festdagar. Å ha eit lag å feire sigrar med, men også eit lag å dele nederlag med, har vore svært viktig for meg. Ingen får til noko åleine.
Ja, eg er glad i fotball og spelte fotball aktivt i 20 år. Frå fotballen har eg lært mykje om leiarskap. Eg meiner at den viktigaste oppgåva til ein leiar er å slå den målgivande pasninga slik at dei tilsette kan score.
Kva skal til for å få eit lag til å skape gode resultat?
Her er mange faktorar som spelar inn. Sjå berre på dei beste laga i Europa frå ein sesong til ein annan. Vi må i alle fall sette saman spelarar med ulike eigenskapar alt etter kva rolle vi treng til ei kvar tid. Vi må trene individuelt og vi må trene på felles formasjonar. Aller viktigast er det kanskje å investere tid å bli kjent med kvarandre. Det å vere nysgjerrig er ein viktig eigenskap. Ikkje nysgjerrig for å vere nysgjerrig. Men, nysgjerrig for å vere interessert. Ikkje berre i jobben til dine kollegaer, men i heile mennesket.
I over 20 år har eg snakka til dei tilsette i Lerum om å gjere kvarandre gode. Eg kjem til å snakke om det resten av livet. For dette trur eg på.