DSC_6882-web.jpg

Ein blogg av Trine Lerum Hjellhaug.

Om meg

Tale til Humanetisk konfirmasjon i Sogn 11. mai 2024

Tale til Humanetisk konfirmasjon i Sogn 11. mai 2024

Kjære konfirmantar, familie, slekt og vener, hjarteleg tillukka med dagen!

For meg er det ei stor ære å få lov til å snakke til dykk i dag på denne store dagen.

Dagen i dag er ein av dei dagane i livet de vil hugse. Dagen markerer og feirar det store steget og overgangen frå ungdom til vaksen. Det er ein del av prosessen de skal i gjennom for å bli trygge på dykk sjølve og finne meininga med livet. Men, er det slik at når de vaknar i morgon tidleg så er de vortne vaksne? Nei, det trur eg ikkje. Og bra er det. Foreldra dykkar vil nok framleis behandle dykk som ungar, i mange, mange år framover. Uansett kor lang tid denne prosessen og overgangen vil ta, må de aldri slutta å leika.

Vi lever i ei verd som akkurat no er svært uføreseieleg. Pandemien gjekk over i meiningslause krigar og vi har fleire statsleiarar som er truande til å setje seg sjølv føre andre menneske for å vise makt. Meir enn nokon gong er det viktig at vi står saman og tek vare på kvarandre, er rause og snakkar til, og ikkje om kvarandre.  

Tek vi også med klimaendringane vi er midt oppe i, kan det virke deprimerande å tenke på alt dette. Men, fortvil ikkje. Eg er optimistisk på dykkar vegne. Eg vert glad av å sjå på dykk flotte ungdommane. Eg vert inspirert når eg møter ungdommar som dykk i ulike samanhengar i jobben min. De vil forstå verda betre enn oss. Historia har alltid vist oss at neste generasjon utviklar og skapar betre løysingar enn den førre. Alt som vi har fått til og skapt saman, har vi fått til fordi mange ulike menneske har brukt sin kompetanse og erfaring, vi har prøvd og feila og arbeida hardt. De kjem til å vere klokare og gjere meir enn generasjonen før dykk. Når de diskuterer med foreldra dykkar og tenkjer at de er smartare enn dei, så er det sannsynlegvis sant.

De har alle moglegheiter. Sjølv om verda akkurat no er uroleg, så har de og alle oss andre som lever i Norge knapt eit betre utgangspunkt for eit godt liv. De har store moglegheiter, men de har også eit stort ansvar på dykkar skuldrer. Det er gjennom handling og åtferd de kan vise at de står opp og gjer noko når andre sit i ro. Det er slik de kan medverke. Ver aldri redd for å meine noko eller seie noko feil. Lær av fortida og notida. Form framtida. De er framtida.

I førebuingane de har hatt til konfirmasjonen, har de fått vore med på eit kurs med viktige tema. De har fått utforska korleis de kan ta gode val, korleis de kan tenke sjølvstendig, og fått reflektert over kva som er rett og gale. De har diskutert identitet, menneskerettar, etikk og humanisme. De har fått utforske kven de er, de har fått møte nye menneske og hatt spennande samtalar.

Samarbeid og samhandling vert viktige nøkkelord framover. Det er ei enorm kraft i det store vi-et. Eg skal komme tilbake til det seinare.

Men, først har eg lyst til å våge meg ut på seie litt om korleis eg opplever dykk ungdommar i dag. Dette baserer eg på mi erfaring som leiar i næringslivet i snart 25 år. Det er stor skilnad på ungdom i dag og for 25 år sidan. Eg trur at de stiller heilt andre krav til oss enn tidlegare generasjonar. De vil vere med å påverke, de ønskjer å vere sjølvstendige og ta initiativ, de er opptekne av at plassen der de skal jobbe har eit godt omdøme og tek samfunnsansvar, og de er mykje meir bevisste på balansen mellom jobb og fritid.

Samfunnet var heilt annleis for 25 år sidan. I dag er verda nærare oss, meir polarisert og har eit heilt vanvitig tempo. De har så høge krav til å vere perfekte, og alt som skjer på sosiale media er med på å forsterke dette. Eg håpar de klarer å gi litt meir f… i dette presset og kva andre meiner om dykk. Tor å vere dykk sjølve og ha tru på dykk sjølv, og aldri gløym å ha det moro. Le ofte og mykje.

Opp i alt dette, så trur eg på at løysingane ligg i det store vi-et. Eg trur på lagarbeidet og å gjere kvarande gode. For veldig mange år sidan definerte eg mi eiga verdiplattform som sa noko om korleis eg ville vere som leiar og menneske. Den har gjort meg tryggare i å stå i det når livet og verda stormar, for det gjer det av og til. Eg håpar de gjennom konfirmasjonsførebuingane også har definert kva verdiar de står for.

I botnen av verdiplattforma mi, ligg det eit ord. Respekt. Respekt for at vi er ulike som menneske, at vi har ulik bakgrunn, at vi har ulike meiningar, og at vi har ulike ting vi er gode og dårlege på. Eg trur på mangfaldet, og trur at alle menneske uansett kven dei er, har noko å bidra med. I min jobb brukar eg å seie at alle har ei viktig rolle uansett kva dei jobbar med eller kva tittel dei har. For oss alle gjeld det å hjelpe til med å få fram desse gode eigenskapane hjå kvarandre. Har de tenkt på at ordet tillit kan skrivast både framlengs og baklengs? Tillit må vere gjensidig. Du kan ikkje bestille tillit. Du må gjere deg fortent til det. Give it, to get it.  

Ver open. Ikkje sett menneske i båsar. Alle har noko å bidra med og alle er like mykje verd. Det har ingenting å seie om du er gut eller jente, om du er gammal eller ung, om du er lys eller mørk, om du likar jenter eller gutar, om du er norsk eller utanlandsk, om du er humanist eller religiøs eller om du heiar på Liverpool eller City. Alle er flotte individ som er resultat av arv og miljø og fri vilje.

10. desember 1948 vedtok FN Verdserklæringa om menneskerettane. I erklæringa sin artikkel 1 er dette formulert slik: «Alle menneske er født frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei er utstyrt med fornuft og samvit og bør handle mot kvarandre i brorskapets ånd.»

Erklæringa vart vedteken i etterkrigstida. Nokon hadde ein ideologi som var basert på at ein kunne dele inn menneske i grupper og at nokon var meir verdt enn andre. Når eit samfunn vert basert på systematisk diskriminering og forskjellsbehandling, då trakkar ein på menneskeverdet.

Derfor er det så utruleg viktig at de står opp for og tek vare på kvarandre. De må lytta og vere opne, men de må også tenkje kritisk og seie kva de meiner. De må vere nysgjerrige, stille spørsmål og undre.

Eg antek at mange av dykk driv med fritidsaktivitetar og nokon er kanskje med på eit lag. Kanskje nokon er med i eit korps, nokon driv med fotball, andre handball eller kanskje nokon går på ski. Sjølv om ski er ein individuell idrett, er ein avhengig å vere ein del av eit lag. Eg har sjølv spelt fotball i mange år, og det har gitt meg så mykje som eg har fått bruk for seinare i livet. Den gleda eg får når eg saman med andre vinn og får til noko, den er ubeskriveleg. Det er den gleda som driv meg som leiar i dag. Den viktigaste oppgåva til ein leiar er å slå den målgivande pasninga slik at andre kan score. Når eg veit med meg sjølv, at eg har bidrege til at andre har fått til ting, ja, då vert eg glad. Trur de Erling Braut Haaland hadde vore like god om han spelte på eit lag på den nedste delen av tabellen? Eg trur ikkje det. Nokon må servere han pasningane slik at han kan score. Eg har også lært ein annan viktig ting ved å spele på eit lag, og det er at alle rollar er viktige. Det har eg smerteleg fått erfare, for eg har sat nemleg på reservebenken nokre sesongar og var spelar nummer 12, 13 og 14 i troppen. Det vert ikkje noko fotballag om ikkje nokon sit på reservebenken. Like viktig som å ha nokon å feire med når vi vinn, er det viktig å ha nokon å vere lei seg med når vi tapar. I jobbsamanheng så brukar eg å seie at vi vinn i lag og taper i lag.

Haaland og Hegerberg er nokre av verdas beste fotballspelarar. Sjølv om dei er det, øver dei framleis på innsidepasningar. Som menneske det også viktig å øve. Øve på korleis vi snakkar til kvarandre, øve på korleis vi tek opp ubehagelege tema med kvarandre, øve på korleis vi anerkjenner kvarandre og øve på korleis vi kan vere opne og nysgjerrige i ordets positive forstand. Så her kjem ei utfordring til alle i salen – neste gong de er på ein flyplass – kanskje ikkje Haukåsen, men ein annan større – våg å sette dykk ned på ein kafé på eit bord der det sit ein person åleine. Våg å opne dialogen. Våg å utforske.

Livet dykkar vil by på både oppturar og nedturar. Slik er det. Det er heilt vanleg. De har kanskje kjent på ein klump i magen av og til. Kanskje fordi nokon har sagt noko stygt til dykk, eller at de gruar dykk til å gå på skulen eller møte opp i ei sosial setting. Eller at de føler at de ikkje heilt passar inn. Det har også eg gjort. Eg kjenner denne klumpen i magen med jamne mellomrom. Spesielt kjenner eg den dersom nokon «tullar» med verdigrunnlaget mitt. Då søv eg dårleg. Det er få av oss som går gjennom livet utan at det er tøft i periodar. Hugs på at dette er vanleg og at de må jobbe dykk ut av det. De vil møte motgang og endringar. Det kan virke skremmande for dykk, men hugs at i motgang og endringar ligg det moglegheiter. Når ei dør lukker seg, opnar det seg alltid ei ny.

Etter kvart skal de også gjere eit viktig val i livet. De skal snart velje kva de skal gjere etter ungdomsskulen. Nokon skal begynne på yrkesfag, nokon skal på studiespesialiserande. Nokon skal satse på idrett og nokon ønskjer å dyrke sine kreative evner. Eg håpar de gjer dykkar eigne val. At det ikkje er foreldre som vel. At de ikkje vert påverka av kva vennene gjer. Det aller viktigaste er at de trives med det de skal gjere etter ungdomskulen. Om så ikkje skjer, stopp opp og endre kurs. Det er ingen skam å gjere om. Det er betre å angre på noko ein har gjort, enn noko ein ikkje har gjort.

Til no i livet har de skapt mange vennskap. Kanskje nokre av desse vennskapa vil vare livet ut, mens andre etter kvart forsvinn, og nye kjem til i det nye livet som møter dykk dei neste åra. Nokon av dei eg gjekk med på både ungdomskule og vidaregåande har eg framleis god kontakt med. Det er ikkje så ofte vi snakkast, men når vi gjer det er det akkurat som vi har prata i går. For meg er det ekte vennskap. Ekte vennskap er også å korrigere åtferda til kvarandre.

Eg håpar at de tek dei vala framover som gir dykk eit godt liv. Det er ikkje alltid dei gode vala er lette å sjå. Så ikkje forhast dykk. Bruk tid, og som eg sa tidlegare, viser det seg at valet ikkje er rett, bruk erfaringa det er å gå på trynet til å gjere eit betre val neste gong. Det er ingen skam å snu. Det er heller ingen skam å be om hjelp. Alle menneske kjem før eller seinare ut for tøffe utfordringar. Våg å snakke om det og våg å vere deg sjølv. Våg også å hjelpe andre når dei treng det. Det er så lite som skal til. Eit godt blikk, eit klapp på skuldra, eit vennleg hei, eit spørsmål om korleis du har det eller om du vil vere med. De veit at når ein tulipan heng med hovudet, og vi trykker den inn att blant dei andre slik at han står oppreist, eit slik samfunn vil vi ha. Kvar dag vil gi dykk nye moglegheiter. Hugs på – at ingenting er umogleg, det tek berre litt lenger tid.

På vegen ut i livet, har eg lyst å lese eit lite dikt til dykk. Det er skrive av Bente Bratlund.

Doggdråpane i graset

Doggdråpane i graset ein tidleg morgon.

Å gå ut med bart sinn,

pusta inn den nye, ubrukte dagen.

Ta imot fargane som stig fram or disen

og kjenne at ein er til.

Enno ha eit hav av timar

ventande der framme.

Enno ikkje ha trødd spor

i det landskapet som skal teiknast.

Vita at der ligg det og ventar, ventar........

Gratulerer med dagen, eg ønskjer dykk det beste for framtida.

Illustrasjonar: Stockbileter

Kva skal til for å skape resultat?

Kva skal til for å skape resultat?