Kva kan ein timeout gi av verdifullt påfyll?
Tre veker inn i det nye året har eg lyst å dele nokre tankar med dykk om kva ein timeout kan gi av verdifullt påfyll. For som de kanskje veit, så brukte eg året 2021 til å ta permisjon frå stillinga som administrerande direktør i familieverksemda Lerum. Etter over 20 år i Lerum, der 12 av dei har vore som øvste leiar, så følte eg eit behov for å få litt avstand. Samtidig hadde eg eit behov for å ta tak i mi eiga helse og få skifte eit kne.
I dei første vekene av 2022 har eg brukt ein god del tid til å vere ute i fabrikken for å snakke med dei tilsette, eg har delt bilete frå 2021 for å vise kva eg har gjort på, eg har snakka om kva som skal til for å skape resultat og eg har hatt ein god ein til ein samtale med mine nærmaste medarbeidarar, dei som sit i leiargruppa i Lerum. Og veit de kva? Meir enn nokon gong er eg overbevist om at det har vore viktig å ta denne timeouten. Eg føler eg har fått ein restart som leiar. Og no skal eg dele litt om kvifor eg føler det, i håp om at det kan gi inspirasjon for andre, både i jobbsamanheng og privat.
Eg startar med ei kort oppsummering av 2021. Eg har brukt 2021 på å prioritere mi eiga helse og eg har fått vere meir heime med min nære familie. Det er ei god kjensle å kjenne at den fysiske formen er betra. Vidare har eg gjort nokre oppdrag innan strategi og leiing, eg har halde mange foredrag om leiing og berekraft, eg har vore vikar for vikaren min ved eit par høve, eg har fått sett inn i Lerum i rolla som styremedlem og eg har fått god tid, over mange koppar kaffi til å reflektere over mangt og mykje.
Her er eit lite biletegalleri frå 2021:










I dagens arbeidsmarknad er det ganske vanleg å bytte jobb oftare enn før. Enkelte meiner at ein toppleiar bør vere maksimalt 5 år i ei stilling for å ha kraft nok til å utvikle organisasjonen i eit stadig meir krevjande samfunn. Eg kan til dels forstå kvifor enkelte meiner dette. Samtidig er det i verksemder der eigar og dagleg leiar er same person ikkje mogleg å tenke så kortsiktig. Eg meiner det derfor ikkje er eit eksakt svar på dette spørsmålet om kor lenge ein leiar bør sitte i same posisjon. Det er heller ikkje eit eksakt svar på kor lenge ein tilsett bør sitte i same rolle. Det er opp til både leiar og tilsett å klare å fornye rolla slik at det framleis skjer utvikling, både for organisasjonen og den enkelte. Dette gjeld i alle jobbar i samfunnet.
Eg innrømmer det, eg var nok i ferd med å gå på «automatikk». Med det meiner eg at konklusjonar kanskje vart tekne for raskt «fordi vi alltid har gjort det slik», og at vi med det kan ha mista verdifulle innspel og synspunkt frå organisasjonen.. For å seie det på ein annan måte, eg hadde kanskje litt for ofte i det siste «snudd bunken». I iveren og utolmodigheita etter å komme framover er det ein fare for å ha konkludert på førehand og verte ein dårleg lyttar. Då ein i tillegg verker døgnet rundt i eit kne, er det også ein fare for å bli irritabel. Kanskje var eg i ferd med å gå meg litt vrang og få skylappar?
Eg brukte derfor den siste tida av permisjonen min til å sette ned nokre mål for kva eg skulle øve på som leiar når eg starta att. I samtalane med mine nærmaste tilsette desse første vekene har eg fått spegla det eg har tenkt med det dei tenkjer om mitt leiarskap og utviklinga til Lerum framover. Før samtalen måtte dei førebu svar på nokre spørsmål eg stilte dei. Kva har du lært i 2021? Er det noko i måten de har jobba på i 2021 som eg bør ta med meg i mitt leiarskap framover? Kva er det viktigaste å ta tak i framover for Lerum som bedrift og for deg som leiar?
Gjennom desse samtalane har eg også har fått nokre tydelege tilbakemeldingar, eg har fått tips til korleis eg kan utøve leiarskapet og eg har fått sjekka av om det eg har tenkt om meg sjølv stemmer med korleis dei opplever meg. Dette er etter mi meining å gjere kvarandre gode. Det er viktig å tore å korrigere kvarandre. Tenk over korleis du virkar på dine kollegaer.
I tillegg har vi som leiargruppe erkjent at det etter mange år med «copy paste» på nokre av prosessane våre internt, må restarte desse og bygge dei på nytt for nettopp å utvikle oss vidare.
LerumLaget!
Ein anna ting eg har tenkt mykje på i friåret er kva som skal til for å skape eit godt resultat. Enkelte vil kanskje påstå at det er flaks som er årsak til gode resultat. Ja, litt flaks kan det vere godt å ha. Men, viktigare enn flaks, er det å sette tydleg retning over tid. Etter også å ha vorte inspirert av Gjert Ingebrigtsen sitt foredrag «Kunsten å oppdra en verdensmester», har eg laga meg sju punkt som eg meiner må vere på plass for å skape resultat.
Kva skal til for å skape resultat?
Det er viktig å ha eit klart mål. For å nå dette målet må det lagast ein plan. Til det trengs det eit team som består av eit mangfald av personar med ulike eigenskapar og ulik bakgrunn. I botn må det ligge nokre verdiar og det må vere ein kultur som vil utvikle og forbetre seg. Teamet må gi jernet og teamet må bestemme seg for å gjennomføre.
Til dei tilsette sa eg denne veka at eg meiner teamet i Lerum har levert godt på desse punkta dei siste åra. Resultata har komme på mange område. Likevel kan vi ikkje tillate oss å sleppe oss ned. Vi er i ein tøff konkurransesituasjon og det skjer mange endringar i samfunnet rundt oss som vi må forhalde oss til. Dersom vi trur at ting går av seg sjølv, kjem rekylen. I denne samanheng er det viktig at dei tilsette forstår at å seie at vi må utvikle og forbetre oss framover, ikkje er det same som å seie at det som vert gjort i dag er feil eller dårleg. Vi gjer veldig mykje bra i dag, men vi må ha vilje og evne til å forbetre oss framover dersom vi framleis skal vere levedyktige.
Når du set deg eit mål, har du tenkt over korleis du pratar med deg sjølv på vegen til å nå målet? La oss seie at du har sett deg eit mål om å endre livsstilen din. Du skal vere meir i aktivitet. Tenk over desse måtane å snakke til deg sjølv på:
«Eg skal prøve å komme meg på trening torsdag kl. 17»
versus
«Eg skal på trening torsdag kl. 17»
Det er altså skilnad på å prøve, og å bestemme seg og gjennomføre. Tenk på det neste gong du er i ferd med å trekke deg frå det du veit må til for å nå målet ditt. Ikkje la ordet prøve få innpass i tankesettet ditt. Bestem deg .
Treng du å ta ein timeout?
Eg har no gitt dykk eit lite innblikk i noko av det eg har fått reflektert over i det året eg har hatt ein pause. Ein timeout treng ikkje å vare i eit år. I handball varer ein timeout i 60 sekund. Trenaren nyttar pausen til å justere laget. Alle kan ta ein kort eller lang timeout for å sjekke av om ein skal justere kursen litt. Ein treng ikkje vere leiar for å gjere det.
Eg trur ikkje det er mogleg å endre personlegdom, men eg er sikker på at det er mogleg å justere åtferd. Det handlar om å sjå seg sjølv utanfrå og andre innanfrå.
Eg er glad for å hatt moglegheit til å ta eit års timeout. Det har gitt meg verdifullt påfyll og ein restart som leiar. I tida framover har eg bestemt meg for å:
Bli flinkare til å lytte, og ikkje vere så rask i konklusjonane i alle saker.
Bli betre til å forankre viktige prosessar i bedrifta på tvers av avdelingar.
Prioritere eiga helsa og vere i god fysisk form.
Ikkje tillate at verbet å prøve snik seg inn i arbeidet med å nå eit mål.
Er det på tide for deg å ta ein liten timeout?
Lukke til!