Er dugnadsånda i ferd med å forsvinne?
Dugnadsånda i det norske samfunnet har i alle generasjonar stått støtt og vore avgjerande for at små og store bygdesamfunn har utvikla seg. Er dugnadsånda i ferd med å forsvinne? Kva effekt har pandemien hatt på oss i forhold til dugnad? Og uavhengig av pandemi eller ikkje, er vi i ferd med å bli for opptekne av oss sjølve? Korleis skal vi klare å rekruttere yngre folk inn i lag og organisasjonar framover?
Sist veke vart eg invitert av Luster frivilligsentral og Luster kommune for å snakke om dette på eit møte for frivilligheita. Om lag 35 personar deltok. At eg var med å dra ned snittalderen i møtet, gjer meg bekymra for rekrutteringa framover.
Sjølv bur eg i Kaupanger. Ei lita bygd med om lag 1 600 innbyggarar i Sogndal kommune. Her står dugnadsånda sterkt framleis. Enn så lenge. Men, også her ser vi tendens til at det vert vanskelegare å rekruttere inn personar i styre og stell i frivillige organisasjonar.
Mitt arbeid i frivilligheita har vore i idrettslaget. I idrettslaget vårt er det mange personar som har jobba langt meir enn meg som frivillig. Ja, vi finn mange som har jobba dugnad heile sitt vaksne liv. Som mellom anna har vore med å bygge opp den flotte Idrettsparken vår som alle som bur her kan ha glede av. Slikt skapar fellesskap.
Kaupanger Idrettspark
At ei bygd er i utvikling heng saman med fleire ting. Det er viktig med gode skular og barnehagar, det er viktig med eit aktivt næringsliv, det er viktig at det vert lagt til rette for bustadutvikling og det er viktig at det finst lag og organisasjonar som kan tilby innbyggarane gode fritidstilbod. Det er summen av det alle gjer som skapar trivselen i bygda.
Så, kva er det som er drivkrafta for å drive frivillig arbeid? For meg har det vore dette:
Det er moro og sosialt. Eg treff mange kjekke folk som eg kan prate både alvor og skjemt med.
Vi skapar noko for oss sjølv og andre her vi bur.
Vi legg til rette for at ungane våre skal ha gode fritidstilbod.
Det er ei god kjensle å vite at eg har vore med å jobba for at mange andre skal trivast i bygda.
Ein flott dugnadsgjeng!
I omlag 10 år og 2 periodar som styremedlem og styreleiar i den lokale fotballen er det nokre spørsmål om dugnad vi har diskutert:
Kan vi forvente like mykje av kvarandre når det er frivillig arbeid?
Når arbeidet ikkje er lønna, så er det vanskeleg å sette like store krav som i arbeidslivet. Det er derfor viktig å avklare kva ein forventar av kvarandre før ein seier ja til å vere med.
Er definisjonen av dugnad i ferd med å bli utydeleg?
For meg er definisjonen av dugnad gratis arbeid som skal gagne fellesskapet. Når det vert kalla inn til dugnad og inntektene går tilbake til kvar einskild deltakar, er det ikkje dugnad, men arbeid. Fleire og fleire dugnader i dag er arbeid, går tilbake til einskildpersonar og gagnar ikkje fellesskapet.
Korleis handterer vi dugnad når organisasjonane får tilsette?
Krava til frivillige organisasjonar aukar. På eit eller anna tidspunkt kan enkelte organisasjonar måtte lønna personar for å gjere jobben, til dømes som dagleg leiar. Då er det viktig å vise kva aktiviteten til organisasjonen kostar og kva gap det er mellom denne kostnaden og inntektene til organisasjonen for å vise at dugnad framleis er nødvendig. Om ikkje risikerer ein at dei som vert spurt om å arbeide dugnad seier: «Dagleg leiar får gjere jobben, han får trass alt lønn for det».
Utan mat og drikke duger dugnadshelten ikkje. Sosialt samvær i klubbhuset.
Så, kva må til for å klare å rekruttere inn frivillige framover?
Eg trur det er viktig at ein klarer å definere rolla ein spør etter. Kva arbeid skal gjerast? Kor mykje arbeid er det? Vi har dessverre alt for mange døme på at personar som har sagt ja til å vere med i styre og stell har opplevd at arbeidet vart mykje større enn det var spurt om. Det skremmer vekk folk. Det er derfor viktig at det er ein viss struktur i organisasjonane og at dei ulike arbeidsoppgåvene er definert.
I tillegg må vi i større grad ansvarleggjere dei som er foreldre i dag. Dei må forstå at det ikkje vil vere noko tilbod til ungane framover dersom dei ikkje bidreg med frivillig arbeid. Vi ser døme på foreldre i dag som leverer ungane på trening, og forventar at andre tek seg av dei, mens dei reiser og trenar sjølve. Eller foreldre som sit på tribuna på treningane til ungane for å passe på at ungane vert trena rett, men som kunne brukt tida til å gjere ein innsats i klubben. Dette er ein del av samfunnsutviklinga, dessverre. Alt skal vere perfekt og stressnivået aukar i takt med jaget etter det perfekte. Mange stadar betaler folk seg ut av dugnad. Er det slik at velferda i Norge begynner å bli ei utfordring for frivilligheita? Eg håpar ikkje det.
Vi må invitere yngre folk inn i dugnadsarbeidet. Skape møteplassar. Eg trur det handlar om å skape ein plass å høyre til, om trivsel og om tryggleik. I eit stadig meir jagande samfunn, kan det å høyre til i ein organisasjon skape trivsel og tryggleik. Og eit betre liv.
2022 er frivilligheitas år. Etter to tøffe år med pandemi, har vi no moglegheita til å vise at dugnadsånda framleis lever. Eg oppfordrar alle til å engasjere seg og ta i eit tak. Det er moro, og hugs - skal vi få til noko stort på ein liten plass, må vi løfte i lag.