Godt val
Måndag 13. september skal vi på nytt ta standpunkt til kven som skal styre landet dei neste 4 åra. Lenge har meiningsmålingane synt at det ligg an til eit regjeringsskifte og at folk ønskjer det. Slik er det ofte etter 8 år i regjering. At vi dei 2 siste åra har hatt ein pandemi, gjer også sitt til at det vert slitasje. Likevel, eg trur det også denne gongen vert jamt mellom dei to største partia. Det spissar seg til og mange ulike samarbeidsplattformer er i spel. Det vert spennande å sjå korleis dette ender.
I denne bloggen deler eg nokre synspunkt med utgangspunkt som deleigar i ei tradisjonsrik, familieeigd bedrift, lokalisert i indre Sogn.
Uansett kven som skal styre landet dei neste 4 åra, trengs det handlekraft og ei tydeleg retning. Klima og miljø. Innovasjon. Skape nye arbeidsplassar. Oppretthalde velferdsstaten. Eg føler at dagens regjering har hatt ei tydleg retning. Arbeiderpartiet snakkar om mange av dei same tinga. Så slik sett er hovudretninga stort sett den same uansett om det er Arbeiderpartiet eller Høgre som skal ha Statsministeren framover. Spørsmålet vert kven desse partia skal samarbeide med og kva desse samarbeidspartia krev av gjennomslag på sine saker. Det er store utfordringar som må løysast. Dei største har vi innan klima og miljø. No krevst det handling.
Så korleis skal vi ta tak i klima og miljø? Skal vi bruke pisk eller gulrot? Løyser vi dette ved å forby mange ting? Kutte olje- og gassproduksjon innan svært kort tid? Legge på med avgifter? Eller løyser vi det med å legge til rette for at næringslivet i heile landet kan bruke kompetansen til å utvikle ny teknologi og nye prosessar? Ein ting er i alle fall sikkert. Vi må ha kapital for å løyse både klimautfordringa og for å oppretthalde velferdsstaten. Då må vi ha eit næringsliv som kan skape verdiar i heile landet.
Eg trur på ei fornuftig og balansert tilnærming. Alt heng saman med alt. Eg trur derfor at det er viktig å klare å løfte seg og sjå totaliteten. Både i Norge og mot verda. Det er ei vanskeleg problemstilling. Likevel, eg trur at det må settast eit mål for ein dato fram i tid for når vi skal slutte med olje- og gassutvinning. Ved å gjere det tvingar vi oss til å sette enno større fart på utvikling av ny industri. Erfaring viser at når vi må, klarer vi. Sjå berre på kor omstillingsdyktige vi har vore i pandemien.
Når det er val, kjem det alltid politikarar på bedriftsbesøk. Lerum er ei tradisjonsrik, familieeigd bedrift som i snart 114 år har foredla frukt og bær i distrikts-Norge. I årets valkamp har vi fokusert på fire tema i dialogen med politikarane:
Vi begynnar med det viktigaste, berekraft.
Den siste tida har vi sett mange døme i media på kva klimaendringar gjer med samfunna våre. Til politikarane har bodskapet vårt vore følgjande: No må vi handle, ikkje berre prate. Små og mellomstore bedrifter treng hjelp til å komme i gang. Det er mykje å forhalda seg til som kan virke skremmande. EUs taksonomi, EUs fit for 55, Regjeringas klimaplan, Strategi for sirkulær økonomi og revidert plaststrategi, Stortingsmeldinga Energi til alle, Nordic Nutrition Recommendations osv. Korleis skal små og mellomstore bedrifter klare å manøvrere i alt dette? Eg har tidlegare skrive om at vi må ufarleggjere ordet berekraft, og at vi alle må starte å gjere noko med det vi kan gjere noko med. Det krevst samarbeid. Bedrifter i mellom. Og mellom bedrifter og myndigheiter.
I Lerum diskuterer vi i desse dagar kva overordna tiltak vi skal sette inn for neste år. Klimarekneskapet skal vise at vi reduserer klimaavtrykket vårt.
Det neste temaet vi er innom med politikarane er pandemien. Har vi lært noko av pandemien som vi kan ta med oss vidare? Vi har lært mykje. Vi har mellom anna lært kor sårbare vi er og kor viktig det er at vi står saman som eit lag. Gjer vi det, kan vi få til det vi vil. Vi har også lært at vi menneske er svært tilpassingsdyktige når vi må endre rutinar raskt.
I Lerum har vi lært at det går fint å kommunisere via video så lenge møta ikkje er for lange. Vi har lært at vi ikkje treng å reise så mykje, og vi har lært at den tida vi sparer på reiser, kan vi bruke til utvikling og forbetring av prosessar og produkt. Vi har planlagt fleire digitale og færre fysiske møter framover. Det er bra for oss og miljøet.
Covid har også vist at det er mogleg å ta med jobben ut av sentrale strøk. Vi kan ta heile landet meir i bruk utan at vi treng å reise så mykje.
Kan vi ta med oss desse erfaringane i arbeidet med å redusere klimakrisa?
Vi handlar med mange land utanfor Norge. Vi treng gode handelsavtalar. Vi vert aldri sjølvforsynte. Så bodskapen vår til politikarane er at vi treng EØS-avtalen.
For ei hjørnesteinsbedrift som Lerum er det viktig å ha stabile rammevilkår. Vi må skape verdiar for å få velferd og løyse klimakrisa, og då treng vi rammevilkår som stimulerer til verdiskaping og ikkje det motsette. Det må vere att nok kapital i bedriftene til å investere i ny teknologi og nye prosessar.
Ja, vi skal betale skatt. Og det betaler vi med glede. Eg har sjølv det siste året fått erfart kor heldige vi er som bur i velferdsstaten Norge med eit fantastisk helsevesen. Men, prinsipielt meiner vi at det er rett å betale skatt når vi har tent pengar og ikkje før vi veit om vi tener dei. Derfor ønskjer vi at både arveavgift, formueskatt, selskapsskatt og andre skattar er innretta slik at vi har evne til å framleis utvikle bedrifta og oppretthalde arbeidsplassane i distriktet. Ettersom vi er eit familieeigarskap, ligg alle våre verdiar i bedrifta. Dei står ikkje på nokon privat bankkonto som vi kan hente pengar til skatten frå. Skal vi kunne betale skatten slik den er innretta i dag, må vi ta ut pengar frå bedrifta uansett om det går godt eller dårleg. Tappar vi bedrifta for kapital, vil det vere vanskeleg å investere i ny utvikling. Dei siste 5 åra har vi investert over 300 millionar kroner i nye maskiner og bygg for å skape vekst og arbeidsplassar her i Sogndal. Det ønskjer vi å halde fram med.
Godt val!